onsdag 25. juni 2014

Lerum cup fra A til Å

Innsjekking torsdag kveld i Sognahallen frå klokka 18.00. Ingen skal møta direkte ved skulane. Lag som kjem fredag må sjekke inn i sekretariatet Fosshaugane Campus, Sogndal, før dei skal møte til kamp. Sekretariatet opnar 18.00 og er bemanna heile døgeret til vi rundar av søndag. Kan å nåast på telefon 57629090.

Det vert orienterande lagleiarmøte, med val av jury i Sogndal torsdag klokka 22.00.

Alle med A-kort får kveldsmat i Sogndal Idrettshall frå klokka 19.00. Frukost vert servert ved skulane i Kaupanger, Leikanger, Norane, Hafslo og Gaupne. Matpakke til lunsj vert smurt ved frukosten. Laga får utdelt 4L ublanda saft til bruk ved lunsj. Alle et middag fredag og laurdag i Sogndal Idrettshall.

Det går bussar til frå Sogndal til skulane torsdag kveld. Bussane er for alle med både A- og B-kort. Frå fredag morgon går bussane etter rutetabellen de finn på heimesida vår. Det vert og oppslag på skulane og banene.

Minner om at kamptidspunkta er absolutte, det er ikkje rom for endringar. Pass på å vere på plass ved banene i god tid. Trafikken kan til tider vere tett. Det er ikkje garderobar ved banene.

Alle med deltakarkort får gratis inngang i bassenget ved Sogndal Idrettshall. Tid for bading må avtalast med sekretariatet Fosshaugane Campus. Lustrabadet ligg ikkje inne i deltakarkorta.

I tilfluktsrommet ved Sogndal Vidaregåande Skule på Fosshaugane vert det diskotek fredag og laurdag frå 20.00 til 23.00. Diskoteket er for alle med deltakarkort.

Kino med høgaktuelle filmar til komfortable prisar. Programmet vert delt ut ved innsjekking.

Premiering!!! Alle i klassane 10 – 11 og 12 år får medalje. Desse vert delt ut på Hafslo etter kvart som laga har spela siste kamp. I klassane 13 og 14 år er det medalje og lagspremie til dei 4 beste i kvar klasse. Dei fire beste laga i B sluttspelet får lagspremie. Dette skjer etter at finalar og bronsefinalar er ferdig spela.

For meir detaljert informasjon sjå www.lerumcup.no

Vel møtt til Lerum Cup 2014!

Svein Olav Hauge

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar